Frå Vats i ettermiddag. MMS-foto: Privat
Frå Vats i ettermiddag. MMS-foto: Privat

Store nedbørsmengder

Eit kraftig uvêr har torsdag ettermiddag og kveld ført til svært dårlege køyreforhold på vegane i distriktet. Det starta med kraftig lyn og torden tidleg på dagen, og heldt fram med regn i bøtter og spann. Uvêret kom inn over ytre region, men trekte mot kvelden også over indre strøk.

Dei store nedbørsmengdene resulterte i overflatevatn på ei rekkje vegar. Verst var det på E134-strekkja mellom Ølensvåg, Vats og Skjold. På det verste var det her svært vanskeleg å ta seg fram for trafikantane.

Frå midnatt og fram til klokka 15.00 torsdag kom det 32 millimeter nedbør på Meteorologisk institutt målestasjonen, melder NRK Rogaland. Det er meir regn i vente utover kvelden og natta.

Politiet har førebels ikkje meldt om større skadar på grunn av uvêret.