Terje Halleland frå Ølensvåg får fornya tillit og nominasjonskomiteen i Rogaland Frp plasserer han på førsteplass på lista før fylkestingsvalet neste år.
Terje Halleland frå Ølensvåg får fornya tillit og nominasjonskomiteen i Rogaland Frp plasserer han på førsteplass på lista før fylkestingsvalet neste år.

Frp-topp i Rogaland

Terje Halleland er føreslått på topp på Frp si liste i fylkesvalet neste år.

Politikaren frå Ølensvåg har fått fornya tillit av nominasjonskomiteen i Rogaland Frp som innstiller Halleland på førsteplass. Lista blir endeleg avgjort på nominasjonsmøtet 6. desember.

Nummer to på lista er Pål Morten Borgli frå Sandnes og Kari Raustein frå Stavanger på tredjeplassen.

Halleland er i dag fylkesvaraordførar i Rogaland og har tidlegare vore leiar for fylkespartiet. Han har også plass i kommunestyret i Vindafjord.