Grannar inviterer lesarane om å koma med forslag til Årets namn 2014. I fjor var det Chris André Jespersen (31), skåneviksbu og busett i Trøndelag, som fekk prisen. Det skjedde etter at han fekk sitt store internasjonale gjennombrot som skiløpar, blant anna med å bli nummer to på Tour de ski. Grannar jaktar nå gode kandidatar og ber lesarane senda inn forslag. Ein jury i redaksjonen plukkar ut seks namn som du får høve til å stemma på seinare.
Dette er ei kåring som Grannar gjer for å trekkja fram personar – lokalt busette eller utflytta frå våre to kommunar. Me ynskjer forslag på person som har gjort ein unik innsats for bygda eller lokalmiljøet, ein trufast slitar i eit lag eller ein organisasjon, eller nokon som har vist eit brennande engasjement for enkeltsak. Det kan også vera gode ambassadørar for ein av dei to Grannar-kommunane, eller personar innan kategorien kvardagsheltar. Personar som har vore nominerte dei siste åra, er uaktuelle som kandidatar denne gongen.
Frist til å koma med forslag på Årets namn 2014 er 19. desember.
Send forslag med ei god grunngjeving på epost til redaksjon@grannar.no, SMS til tlf. 975 70 789 eller ring oss på tlf. 932 55 990.