Lyn skapar problem

Sjeldan har lyn skapt så store problem for telenettet som desember månad. Berre i Hordaland og Rogaland er det registrert er det registrert like mange feil i desember som det normalt vert registrert på eit heilt år. Det er for det meste fasttelefon og breiband som har er blitt øydelagt. I Vikedal vart det registrert særs mange feil.

— Me har registrert 1500 feil til nå i Hordaland og Rogaland.. Det er snakk om masse enkeltfeil, der lyn har øydelagt utstyr både heime hjå folk og hos Telenor, opplyser informasjonssjef Kristine Meek i Telenor.

Ho kan ikkje lova at alle feil vert ordna før etter nyttår, men lovar at dei vil gjera så godt dei kan og at feil blir.

— Med så mange feil er det vanskeleg å ordna alt nå. Og dersom det oppstår nye feil kan det ta lang tid. Me prioriterer trygghetsalarmar og bedrifter som utfører viktig samfunnsnyttig teneste. Etter nyttår vil Telenor senda ut entreprenørar frå andre deler av landet for å hjelpa til med feilretting.

Telenor oppmodar folk til å dra ut støpsel både for telefon og breiband når det er lyn og torden i lufta. Dersom heller ikkje mobiltelefonen verkar og folk har bruk for å kontakta naudsentral kjem Meek med fylgjande råd.

— Dersom ein er i naud og mobilen ikkje verkar kan ein prøva å ta ut simkort og ringja eventuelt 112, eller ein kan skru av mobilen og ringja naudnummer utan å slå koden på telefonen først. Då vil mobiltelefonen leita seg fram til ein annan operatør og ein kan få hjelp. Det er ikkje alltid dette verkar, men ein kan prøva, seier ho.