Mange peparkakebygg er kome inn til konkurransen i Ølen, og det er framleis mogeleg å levera inn bidrag til konkurransen. Foto: Sirianne Vikestad
Mange peparkakebygg er kome inn til konkurransen i Ølen, og det er framleis mogeleg å levera inn bidrag til konkurransen. Foto: Sirianne Vikestad

Peparkakelandsbyen er opna

Store og små bidrar til julebyggverk i Ølen.

Peparkakelandsby i Ølen er opna. Banksjef Magne Christiansen og initiativtakar Merete Vårvik Matre er imponerte over kor mange bidrag som har kome inn til konkurransen. Dei hadde håpa på rundt ti, men i helga var det levert inn rundt 30 ulike peparkakekonstruksjonar og -bygningar.

— Dette er det første året me prøvar ut noko slik, og responsen har vore god. Dermed håpar me på at dette kan bli ein fin juletradisjon i framtida, seier Christiansen.

Neste år vil dei prøva til å vera tidligare ute med informasjon, slik at skular og barnehagar også kan vera med å bidra, påpeikar han.

Det er likevel ikkje for seint til å vera med i konkurransen om beste bidrag til landsbyen. Til nå har alt frå bedrifter til SFO-avdelingar og familiar deltatt.

— Her er terskelen veldig låg for å komma med eit bygg eller liknande med peparkaker som materiale. Alt frå plattformer, anti-mobbetoget folk deltok i førre veke til vanlige peparkakehus og ballbingar er representerte. Berre fantasien set grenser, seier Christiansen.

Peparkakekonstruksjonane er stilte ut på Ølen sentrum, og seinare i månaden skal vinnar kårast.

Les meir om saka og sjå fleire bilde i torsdagens papir-/eavis.