Westcon var blant dei mange abonnentane som mista straumen torsdag etter eit kraftig lyn- og torevêr over Haugalandet. Oljeriggen Transocean Spitsbergen som er sjølvforsynt med straum, sytte for at Ølen og Ølensvåg ikkje blei heilt mørklagt.
Haugaland Kraft melder at over tusen husstandar på Haugalandet blei utan straum under det kraftige uvêret torsdag ettermiddag og kveld. Kraftselskap hadde store mannskap ute og jobba på spreng for reparera skadane.
Haugaland Kraft melder om denne statusen fredag kl 07.30:
Rundt 500 kundar framleis utan straum. Det gjelder desse områda:
Sveio kommune: Valevåg
Karmøy kommune: Feøy , Stange , Visnes
Tysvær kommune: Rønnevik, Hetland, Klovning , Topnesvågen
Vindafjord: Håvik , Tosvoll
Utsira kommune: Store deler av kommunen
Kl. 04 i natt fekk dei også feil i Sauda og følgjande er berørte der: Maldal , Molla , Løland, Fatnes , Vanvik , Bjerga , Tengesdal, Varstad, Storskjær, Ilstad