Det er venta skikkeleg ruskevêr i Rogaland fredag og laurdag. Mykje vind og høge bølgjer gjer at folk bør vera varsame.
— Me overvaker situasjonen nøye fordi det er eit potensielt farleg vêr, seier assisterande fylkesberedskapssjef hos Fylkesmannen, Gry Evensen.
Fylkesmannen har informert kommunane i Rogaland om kva som er i vente. Offentlege etatar som Statens vegvesen, politiet og sjukehus er også varsla. Dei som syt for straum i stikkontaktane og vatn i springen er i beredskap, fortel Evensen.
— Varselet gjeld heile Rogaland. Men eg må understreka at det framleis er noko usikkert kor ille det blir. Mykje vind blir det garantert, og høge bølgjer er venta inn mot kysten. Derfor bør folk vera forsiktige.
Ikkje ekstremvêr
Det er likevel ikkje rekna som ekstremvêr det som er varsla så langt. I Rogaland skal det vera sterk storm (28 m/s) før me kallar det det, og der er me ikkje heilt ennå. Men det kan endra seg.
Her er varselet som Meteorologisk institutt har send ut i dag for Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal:
Fredag kan det bli vestleg full storm 25 m/s sør for Bergen, med vindkast på 30-35 m/s. Laurdag er det venta vestleg full storm 25 m/s med vindkast på 30-35 m/s i Rogaland og Vest-Agder, elles sterk storm 30 m/s, kan henda orkan 33 m/s, med vindkast på 35-45 m/s. Både fredag og laurdag er det venta høge bølgjer inn mot kysten, kan bli opp mot 10-12 meter signifikant bølgjehøgde.
Vegvesenet i høg beredskap
Statens vegvesen si avdeling i Rogaland er i beredskap før den varsla stormen i helga.
— Me observerer vêret og har fleire folk ute på vegane denne helga. Sjølv om vêret nå ser ut til å bli mindre dramatisk enn først varsla, er folka våre i beredskap, seier prosjektleiar Eivind Stangeland.
Det ser ut til at sterk vind blir den største utfordringa i Rogaland. Det kan få følgjer som at tre fell over og stenger vegar, at ferjer blir innstilte og at køyreforholda blir vanskelege, særleg i fjellet.
— Dei som skal reisa denne helga, bør sjekka vêrvarslinga og vurdera om reisa er naudsynt, seier Stangeland.
Vegtrafikksentralen har også ekstra folk på jobb i helga. Stangeland oppmodar folk til å sjekka trafikkmeldingar på vegvesen.no.
— Men held dykk heime viss de kan, avsluttar han.