Ved utgangen av januar i år var det 163 heilt arbeidsledige i Vindafjord, og 57 i Etne. Det utgjer 3,5 prosent av arbeidsstyrken i Vindafjord og er ganske stabilt samanlikna med januar 2014. I alt 2,7 prosent er heilt ledige i Etne, og det er ein markert auke samanlikna med tilsvarande tidspunkt i fjor. Denne auken er på 22 fleire ledige, ein auke på 63 prosent.
Etne plasserer seg så vidt over snittet på 2,6 prosent i Hordaland (7.121 personar). Tilsvarande er det prosentvis fleire ledige i Vindafjord enn snittet for Rogaland på 2,8 prosent (7.065 personar). Begge fylka er under arbeidsløysa for landet som er 3,1 prosent. Haugesund har relativt flest heilt ledige i Rogaland med 4,2 prosent.
Nav-direktør Truls Nordahl i Rogaland påpeikar at ein nok må ut i mars og april før ein ser konsekvensane dei varsla innskrenkingane i oljenæringa får på arbeidsmarknaden. Rogaland er blant fylka med størst veks i talet på ledige, men det skjer frå eit lågt utgangspunkt