Opna igjen

Politiet melder laurdag ettermiddag om ras som delvis har sperra E134 aust for Langfoss i Åkrafjorden. Eit av køyrefelta er ope for ferdsel.

Seinare på dagen blei E134 mellom Kyrping og Fjæra stengt på grunn av rasfare. Det er uvisst når vegen blir opna igjen.

Vegtrafikksentralen melder også at E134 var stengt mellom Fjæra og Jøsendal på grunn av mykje snø, vanskelege kjøreforhold og fare for ras.

Først kl 09.00 sundag vil det vil bli vurdert om stekningane blir opna igjen, melder Vegtrafikksentralen.

Siste:

Sundag morgon var E134 opna for trafikk igjen. Det er fare for glatte parti og redusert sikt enkelte stader.