Prestisjerennet Tour de Ski går inn i den avgjerande fasen, og det lokale håpet har ikkje fått den optimale starten. På onsdagens 10 km klassisk individuell start i italienske Toblach, måtte han nøya seg med ein 11. plass, 32,1 sekundar bak vinnaren, Aleksej Poltoranin frå Kasakhstan.
I samandraget er Jespersen over to minuttar bak Petter Northug som leiar med knapp margin. Jespersen er nå heilt avhengig av ein god dag torsdag då 35 km fri teknikk jaktstart står på programmet.
Med to gode renn før sundagens avsluttande renn i Val di Fiemme i Italia, kan 31-åringen frå Skånevik ha ein liten sjanse til å klatra mot toppen i samandraget. Han blei nummer to i fjorårets utgåve av Tour de Ski.