aarets namn_kollage

Stem på årets namn

Bli med om avgjer kven som skal bli Årets namn 2014 i Grannar.

For niande gong inviterer Grannar sine lesarar til å kåra Årets namn. Grannar inviterer lesarane om å koma med forslag til Årets namn 2014. I desember blei lesarane oppmoda om å koma inn med forslag på kandidatar, og som vanleg har det kome inn fleire gode forslag.

Som vanleg har redaksjonen i Grannar trekt fram seks namn der det også er tatt omsyn til geografi, kjønn og alder.

Dei nominerte

Nedafor finn du kandidatane med ein kort presentasjon. Nå er det opp til deg å bestemma kva kandidat som fortener heideren.

Sidan 2006 har lokalavisa for Etne og Vindafjord ved hjelp av lesarane trekt fram lokale namn som har utmerkt seg med innsats, engasjement eller prestasjonar. Personar som har vore med i avstemminga dei siste åra, kan ikkje nominerast.

Dei nominerte til Årets namn 2014 er:

Tordis Lofthus, Atle Aas, Maria Fjeldheim, Ole Arne Pedersen, Hans Olav Tungesvik og Maryna Novik.

Slik stemmer du

Avstemminga startar i dag og varer til og med onsdag 14. januar. Kvar person har éi stemme og du kan delta i voteringa med å senda kandidatnummer (sjå nedafor) på

SMS til 975 70 789

eller kupong i avisa til Grannar, postboks 84, 5591 Etne.

KANDIDATANE

  1. Tordis Lofthus (76), Vats

Tordis Lofthus har er leiar i Vats helselag og har vore aktiv i laget i over 30 år. Ho er ei eldsjel av dei sjeldne. I sitt yrkesaktive liv har Lofthus jobba i eldreomsorga som heimehjelpar og i dag er ho pensjonist. Ho er elles engasjert på mange måtar i bygda. Kvart år arrangerer ho ein årleg tur for pensjonistane og kvar første søndag i advent, samt palmesøndag, står ho bak arrangementet på sjukeheimen. Eit arrangement som er ope for alle.

  1. Atle Aas (55), Etne

Atle Aas er ei av dei store eldsjelene i speidaren i Etne, og sjølv har han vore aktiv speidar sidan 1971. Han har i saman med kona, Marta Onstein, i mange år brukt mykje av fritida si på det frivillige arbeidet i KFUK-KFUM speidar, og i oktober var han med å gi ut speidarboka Under open himmel, som dokumenterer speidararbeidet for Etne dei siste fire åra. Aas var i saman med kona den første som mottok Sigbjørn Rafdals minnepris under Etne Cup i sommar. Også dette på grunn av sitt glødande engasjement innan speidararbeidet.

  1. Maria Fjeldheim (19), Skjold

Maria Fjeldheim er ei engasjert jente som gjerne skulle hatt seks timar ekstra i døgeret. Ho har sidan ho var 11 år vore aktiv i 4H, og sit i dag som leiar i Rogaland 4H. Ho er også medlem i Senterungdomen sitt styre, ho er initiativtakar til bygdeungdomslaget i Skjold, ho er odelsjente, jordbærdyrkar og er eit flott førebilete for dagens ungdom. Fjeldheim brukar tida si på å vera engasjert og for å vera med på å skapa ei levande bygd.

  1. Ole Arne Pedersen, Ølensvåg

Ole Arne Pedersen er ei eldsjel for Ølen IL og legg ned mykje arbeid for idretten. Han trenar både Ølen A-lag, Ølen junior og Ølen junior Lundeneset, og alt gjer han på dugnad. Han blir sett på som ein usedvanleg blid trenar, noko som i følgje spelarane er sjeldan kost. Mens andre trenarar kan opptre som svært strenge, er Pedersen blid og mild samstundes som han er seriøs. Alle respekterer den entusiastiske trenaren, noko som gir full utteljing på treningar og på resultatlistene. Både Ølen sitt A-lag og Lundeneset sitt juniorlag klarte nesten opprykk i serien i år. Eit resultat spelarane gir mykje av Pedersen æra for.

  1. Hans Olav Tungesvik (78), Skånevik

Hans Olav Tungesvik er ein person som gjennom ei årrekkje har vore engasjert i lokalsamfunnet i Skånevik. Både i diverse styre og lag, og han brenn for at Skånevik skal vera ei bygd med framtid. Han sto i bresjen for å slå ring om banken i bygda og har i det siste engasjert seg i vern av omsorgssenteret og ungdomsskulen i Skånevik, ved å vera med på å arrangera både fakkeltog og kronerulling.

  1. Maryna Novik (33), Vikedal

Maryna Novik er blitt eit namn ein oftare og oftare har sett i øvre sjiktet på resultatlistene i forskjellige løp. Tobarnsmora flyr lett over asfalten og føler seg fri som fuglen når ho kjenner pulsen stiga mens ho legg bak seg kilometer på kilometer enten på asfalt eller oppover i fjellheimen. Novik er ein god ambassadør for si nye heimbygd, Vikedal, som har heilt andre typar fjell og natur enn dei har i heimlandet hennar, Kviterussland. Ho har eit namn som folk etterkvart kjenner og som blir assosiert med gode resultat.

Tidlegare vinnarar:

2006: Åse Handeland, Ølen

2007: Inger Karin Larsen Nerheim, Skånevik

2008: Elise Petra Bjerg Tokheim, Sandeid

2009: Jon Olav Velde, Vats

2010: Kari Johansson, Skånevik

2011: Gro Marit Messmer Larsen, Skjold

2012: Kenneth Birkenes, Elverum/Etne

2013: Chris André Jespersen, Trondheim/Skånevik