Politiet kan bekrefta at ein båt har sokke ved kai i Imsland. Polititaten rykte sundag morgon ut etter melding om ein redningsflåte, puter og tauverk som flaut i land ved eit oppdrettsanlegg ved Lindvik.
Søk med undervannskamera viser at båten ligg på 15 meters djup, med baugen opp og propellen ned. Den 11 meter lange og 5 meter breie katamaranen var i bruk som servicebåt på nokre flytebrygger ved eit hyttefelt i området. Ingen personar kom til skade under uhellet.