Ein vindafjordmann i slutten av tenåra er i Haugaland tingrett dømd til samfunnsstraff i 30 dagar for vald. Bakgrunnen er at han i sommar på ein fest skal ha sparka ein mann som låg nede i hovudet. Krenkte fekk kutt i ansiktet og fleire skrubbsår. Tiltalte, som tidlegare har fått førelegg for ordensforstyrring, møtte i retten og erkjende seg skuldig. I tillegg til samfunnsstraff må han betala 884 kroner i skadeerstatning til krenkte.