I løpet av natt til tysdag har det gått eit større steinras ved Tungesvik, på fv. 48 mellom Skånevik og Håland. Vegvesenet melder at det er passering. Nokre av steinane er så store at det trengst maskin for å fjerna dei. Mildvêret har i løpet av natta resultert i større og mindre ras ei rekkje stader på Vestlandet.