I 08-tida laurdag morgon hamna ein bilførar utfor vegen og ned i ei elv ved Fatland i Ølen. Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt melder at førar er uskadd, men sendt til sjukehuset for sjekk og observasjon. Det var frost i morgontimane og truleg svært glatt i vegbana.