Første nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe, tek turen til Etne 19. mars. Her skal han mellom anna besøke fire gardsbruk som enten nett har sett opp, eller i gang med å sette opp ny driftsbygning. Tidleg på ettermiddagen blir det eit ope møte på Skakkesenteret.
— Me har utforda han på å seie noko om kommunesamanslåing, fortel lokallagsleiar Sjur Aakra til Grannar. Den tidlegera olje- og energiministaren kjem til bygda i samband med Senterpartiets landsmøte som finn stad i Haugesund 20 – 22. mars.