— Det va inga tvil rundt førsteplassen, seier leiar for valnemnda i Etne KrF, Hans Olav Tungesvik.
Tysdag kveld var lista klar, og det er altså den rutinerte Berge lokallaget ønskje å sjå som ordførarkandidat.
Berge, som sit i formannskapet i dag, har tidligare hatt varaordførarvervet i kommunen.
KrF har i dag to plassar i kommunestyret. Gerd Skumsnes Sørhus, som sit i kommunestyret i dag, gjer seg. På andreplassen på haustens liste er i staden Kari Johannsson (38), ei vel kjend eldsjel frå organisasjonslivet i Skånevik, sett opp.
Ifølgje Tungesvik var det viktig for partiet å spegle begge bygdene i Etne kommune.
— Med Ingemund Berge og Kari Johannson på plass er begge bygdene representert, seniorane og ungdommen er representert, og vi har begge kjønn inne på dei to øvste plassane, konkluderer Tungesvik.
Her er heile vallista til Etne KrF:
- Ingemund Berge, Etne (kumulert)
- Kari Johannson, Skånevik
- Hans Martin Harboe, Etne
- Geir Arne Eikemo, Eikemo
- Aud Karin Leknes, Skånevik
- Inger Karin Myklebust, Etne
- Jostein Lygre, Skånevik
- Jakob Eskeland sr., Etne
- Lars Ebne, Skånevik
- Kristoffer Tjelle, Skånevik