Det har vore ein krunglete veg frå idé til realisering for byggeprosjektet sentralt i Etne som har fått namnet Gjerde kjøpesenter. Men nå er byggestarten truleg rett rundt hjørnet.
— Me sender prosjektet ut på anbod i desse dagar, og går det som planlagt kan me vera i gang med grunnarbeidet i løpet av april, seier maskindirektør Peder Helge Kvammen i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA).
Til jul?
Saman med Coop Haugaland har FKRA byggemeldt eit nybygg med ei grunnflate på ca. 3.600 kvadratmeter til ein stipulert pris på opp mot 60 millionar kroner. Grannar har tidlegare presentert teikningar av senteret som blir nabo til Etne kjøpesenter.
— Ser du for deg julehandele i den nye butikken?
— Planen er å vera ferdig rundt årsskiftet, og me har eit lite håp om å vera i hamn før jul, svarer Kvammen.
Kryss
Det siste hinderet for ein snarleg byggestart på den rundt 13 dekar store tomta, er at totalprisen skulle gå ut over godkjent ramme. Det får utbyggjarane vita før påske. Anbodet som nå er ute, er delt opp i ei rekkje fag med grunn- og betong og bygningskropp i stålelement, som dei største faga.
— Interessa på førehand har vore stor, men det er alltid spennande å sjå kva som kjem inn og kor me endar prismessig, seier Peder Helge Kvammen.
Det siste som har falle på plass i prosjektet er vegløysing. For å få ei god trafikkavvikling frå aust, skal det lagast eit innkjøringsfelt på E134 til eit kryss på austsida av senteret. I tillegg blir det tilgang til kjøpesenteret på motsett side, på same veg som kundar til Etne senter i dag nyttar.
(foto: 75-14-peder helge kvammen)