Denne veka har innbyggjarar og andre interesserte fått ein ny versjon når dei besøker Vindafjord kommune si heimeside. Nettansvarleg Mali Hjemdal opplyser at målet har vore å laga ei nettside som er enklare å finna fram i for brukaren, blant anna luftigare og meir oversiktleg.
— Teknisk sett er den nye nettstaden framtidsretta og tilpassa alle plattformer, fortel Hjemdal.
Brukaren vil oppdaga at postlister og møteportal har fått ny drakt, og som er lettare å lesa og få oversikten over. Alle skuler og barnehagar har også fått eigne portalar, og den generelle oppbygginga skal vera meir logisk for lesaren.
— Arbeidet med sidene held fram i vekene som kjem, ettersom ein del arbeid gjenstår. Blant anna er det eit mål å få på plass ny skjemaløysing for elektroniske søknader før sommaren, opplyser den nettansvarlege i Vindafjord kommune.
(foto: 25-15-vindafjord kommune ny nettside)