Grunngjevinga for avgjerda er den svært negative bestandsutviklinga for Etnelaksen gjennom fleire tiår, og som nå er på eit kritisk lågt nivå.
Tilbakevandringa av villaks til dei vestnorske elvane er halvert i løpet av dei siste 30 åra, melder Etne Elveigarlag ved Vidar Børretzen.
Svak gyting og lakselus
— Også for Etneelva har pila peika klart nedover i lang tid, og tilbakevandringa i fjor var om lag tredjeparten av 2013, som igjen var berre halvparten av 2012. Dei årsklassane som nå er ute på vandring i havet, og som skal gi grunnlaget for elvefisket i kommande sesongar, er resultatet av svært svake gytebestandar, heiter det i uttalen frå elveigarlaget.
Grunneigarane til Etneelva peikar også på at mengda av lakselus i utvandringsruta til smolten frå elva er svært stor, og fører til høg dødelegheit. Sjøfasen er kritisk, og det er svært usikkert kor mykje laks og sjøaure som kjem tilbake til elva vår i åra som kjem.
Stengd i fleire sesongar
— Me har sjølv teke ansvar for forvaltninga av den lokale villaksstamma i det nasjonale laksevassdraget, og vårt bidrag til styrking av Etnelaksen er mellom anna å avstå frå fiske og sal av fiskekort.
I ein kritisk situasjon med stor uvisse, har me valt å vera føre var og vil bidra til å ta vare på Etnelaksen ved ikkje å opna for fiske. All tilbakevandrande villaks går dermed inn i produksjonen av yngel i elva, uttaler Etne Elveigarlag.
Elveigarlaget tok initiativet til at elva vart stengd for fiske også i 2010, 2011 og i 2014. Lokalt betyr sal av fiskekort og ringverknader for handel, service og reiseliv, fleire millionar kroner.
— Ut av kontroll
— Situasjonen for mange bestandar av villaks er nå kritisk, og fleire er allereie tapt. Nå krevst det at styresmaktene tar i bruk dei verkemiddel dei alt har gjennom gjeldande lovverk, til straks å gjennomføra konkrete tiltak for å redusera mengda av lakselus.
Mengda av multiresistent lakselus og ein rømingssituasjon ute av kontroll er nå den største trusselen mot villaks og sjøaure langs store deler av norskekysten, heiter det i uttalen signer Vidar Børretzen.