Politiet fekk fredag morgon melding om innbrot med grovt tjuveri hos Sandeid handelslag, og har hatt patrulje på staden. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at det er stole ein del sigarettar. Politiet har sett i gang vidare etterforsking.