UP fekk ei travel økt då dei stilte seg opp med laseren i 80-sona på E134 ved Kyrping om ettermiddagen andre påskedag. I løpet av fem timar vart det skrive ut 40 forenkla førelegg for brot på fartsgrensa. Høgaste fart blei målt til 114 km/t.
I tillegg blei éin sjåfør anmeldt for å kjøra bil med tildekka skilt. Det er Haugaland og Sunnhordland politidistrikt som melder dette.