Bil i elva

Ein mann i 70-åra blei tatt med av luftambulanse då bilen hans hamna i elva ved E134, midtvegs langs Stordalsvatnet. Skadeomfanget er ukjent. Vitneforklaringar tydar på at mannen sovna ved rattet. Bilen er no fjerna og vegen open for fri ferdsel, melder operajonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.