Få dagar etter at folk i distriktet vakna opp til kuldegrader og måtte ta isskrapa i bruk, slo det om til sol og sommar. Omslaget i helga varte måndag då det i Vats blei målt 19,8 grader ved Meteorologisk institutt sin målestasjon. Dette er langt frå aprilrekord, men samstundes godt over normalen for månaden som er 3,2 plussgrader.
Snittemperaturen i Vats siste 30 døgn var 4,9 gradar, 2,4 gradar over normalen. Lågaste tempertur var -5,2 gradar (2. april).
Varselet framover viser ingen teikn på meir sommar i denne omgangen. Yr.no melder skiftande vêr, med både sol og regn, og temperturar på rundt ti grader pluss.