Ølen og Etne møttest torsdag kveld til årets første lokaloppgjer i fotballens 5. divisjon herrar. Resultatet blei 2-0.
Heimelaget er kanskje den største favoritten til puljesiger, og sånt sett fekk kampen eit forventa utfall. Etne som i fjor spela i 4. divisjon, ytte god motstand, og det skulle gå langt ut i andre omgang før det lausna for Ølen.
Leif Rørtveit Vestbø og John Magnus Høyvik stod for vertskapet sine skåringar i det 66. og 88. minuttet.
Les meir om kampen i måndagens avis.