Her opnar ordføraren på Stord,  Liv Kari Eskeland den nye turløypa. Foto: Privat
Her opnar ordføraren på Stord, Liv Kari Eskeland den nye turløypa. Foto: Privat

Opna rusletur-løype

I samband Friluftslivets år 2015 tok ordførar Liv Kari Eskeland fredag turen til Etne for å opna ei ny rusletur-løype. Også Etne-Sigve Sørheim deltok på markeringa. I tillegg var nærare elevar frå Enge skule inviterte med på arrangementet som blei avvikla i eit strålande vêr.

Eskeland er ambassadør for friluftslivets år 2015. Leiar for Frivilligsentralen, Jimmy Næs har vore primus motor for prosjektet. Langs løypa er det sett opp fleire kvilebenkar, og målet er å få ei rute som også er tilpassa rullestol-brukarar. Under fredagens arrangement fekk ein testa ut ruta.