For 70 år sidan hadde det norske folk levd fem lange og mørke år i krig og 8.mai er det like mange år sidan dei jublande fredsdagane fann stad. Korleis var det å leva i eit land med krig? Og korleis var det å oppleva desse fantastiske første dagane i eit fritt fedreland etter år med krig?
Ønskjer å høyra
Dette er spørsmål som Grannar gjerne har lyst fortelja litt om og me ønskjer dermed kontakt med personar som hugsar krigen, fredsdagane og som har lyst til å formidla historia si til oss. Det er ein viktig del av vår lokalhistorie og som ikkje må gløymast.
Me høyrer gjerne frå deg!
Ta kontakt med redaksjonen i Grannar:
Tlf: 975 70 789
e-post: redaksjon@grannar.no