Tap for Vats 94 Skjoldar

Vats 94 Skjoldar spelte fredag sin aller første kamp i 4.divisjon, og mått sjå seg slått av eit svært godt Djerv 1919. Kampen fann stad på Djervbanen i Haugesund og Djerv 1919 er kjent for å vera eit svært seriøst og godt lag. Vindafjordingane visste at dei hadde ein tøff match framføre seg.

3-0

Haugesundarane vann 3-0 over vindafjordingane og pauseresultatet var 1-0. Målscorarar for Djerv 1919 var Steffen Dagsland, Are Søderlund og Robin Gard.