Mann i sjå op for. Alexander Kristoff fekk i dag den gul leiartrøya som han vil ha på seg når han passerer Etne og Vindafjord torsdag. Pressefoto
Mann i sjå op for. Alexander Kristoff fekk i dag den gul leiartrøya som han vil ha på seg når han passerer Etne og Vindafjord torsdag. Pressefoto

Alexander Kristoff med rå spurt

Torsdag og fredag passerer Tour des Fjords-feltet Etne og Vindafjord.

Den 1.etappen av Tour des Fjords fekk ei programmessig avslutning då dei to siste lokale rundane skilte klinten frå kveiten i Norheimsund.

Opningsetappen av årets ritt starta onsdag i VM-byen Bergen, og med kongeleg besøk av H.M. Dronning Sonja, gjekk startskotet for det sterkaste sykkelfeltet som nokon gong har rulla ut på småkuperte vestlandsvegar.

Utfordrande avslutning

Første etappe var på 177 km og det store spørsmålet på førehand var om det kom til å bli ein massespurt i Norheimsund med himefavoritten Alexander Kristoff i hovudrolla, eller om stigninga til Sjusete i dei to lokale rundane før målgang, ville gjera det for vanskeleg for nasjonens store sykkelikon.

Innover mot mål var det Katusha som hadde regien med ein hardt arbeidande haugesundar, Sven Erik Bystrøm i front. Då avslutninga starta var det som venta Kristoff som var klart sterkast og henta enkelt sin 14.siger for sesongen, fleire sykkellengder føre lagkamerat Marco Haller. Edvald Boasson Hagen fikk avslutninga øydelagt då han måtte klikka ut av pedalen for å unngå velt og blei berre nummer 12.

Andre etappe

Torsdag er det ny etappe, frå Jondal via Odda, gjennom Etne og Vindafjord langs E134. Deretter nedom Vats og Tørresdal, og vidare gjennom Tysvær om Skjoldastraumen, og til Haugesund der det er målgang. Lokalt er det mogeleg å sjå sykkelproffane om ettermiddagen både torsdag og fredag.

Også tredje etappe dagen etter er ryttarane innom fleire Grannar-bygder. Tøresdal, Vats, Sandeid, Vikedal og Imsland skal passerast av syklistane som startar på Stord og har Sauda som endepunkt.

Sjå tidspunkt på http://www.tourdesfjords.no.

Send oss dine bilde frå rittet til:

foto@grannar.no

eller mms til nr. 975 70 789