Å prata i mobiltelefon utan å ha hendene fri, er som kjent ulovleg. Fire som gav blaffen i dette, må betala dyrt etter at dei blei tatt i ein trafikkontroll på E134 ved Knapphus måndag ettermiddag. Alle fekk forenkla førelegg der satsen er 1.300 kroner.