21 år gamal Rebekka Taraldsøy frå Etne omkom natt til tysdag i Tyrkia. Den tragiske ulykka skjedde i Side i Tyrkia der kvinna var på ferie. — Det er bekrefta at det dreiar seg om ei fallulykke, og at tyrkisk politi etterforskar saka, opplyser lensmann Ingvar Gjærde. Familie og pårørande er varsla om hendinga, og politiet har tatt kontakt med den tyrkiske ambassaden.