Etter fleire sesongar i sin Citroen C4 enda Bjørn Magne Moland Enge på ein niande plass i rallycross NM og ein femte plass i NM i bakkeløp i fjor.
har berre fått kjørt ein test før dette løpet
— Eg skulle nok vore litt høgare opp i begge NM-seriane, men det positive med fjorårssesongen var at bilen fungerte veldig bra og eg måtte ikkje bryta ein einaste omgang, seier 37-åringen som byggjer vidare på dette når han går inn i ein ny NM-sesong.
Han ikkje gjort særlege endringar på bilen før sesongen, men den har fått nye karosseriplater, noko som den gode mekanikaren hans, Anders L. Moland har gjort.
— Nå er det berre litt reklame som manglar og ein service, så er bilen klar.
Ny jobb
Løpet til helga på Grenland Motorsport Senter ved Skien ser Moland Enge fram til.
— Eg har berre fått kjørt ein test før dette løpet, men likevel har eg eit mål om å nå A-finalen og skaffa med eit godt utgangspunkt i NM. Eg likar banen i Skien, og det gjer eg òg der dei andre løpa i rallycross går denne sesongen, seier føraren som elles har brukt tid på andre ting enn bilsport i vinter.
— Eg har skifta jobb etter sesongslutt i fjor, og det har gått ein del tid til å setja seg inn i den nye jobben, men eg føler eg er privilegert som har eit godt team rundt meg og gode sponsorar, noko som gjer at eg også kan prioritera rallycross.
Nummer seks og åtte
For Ernst og Johannes Holten Leifsen blei det ein grei sesongstart under bakkeløps NM i Vikersund der dei enda på ein sjette og åttande plass samanlagt. No gjer også dei seg klare til helgas NM-opning i rallycross.
For Ernst Holten Leifsen blei køyringa i Vikersund det aller første han fekk køyrd med bilen denne sesongen.
— I og med at det ikkje blei tid til testing før Vikersund, brukte eg eit par omgangar på å køyra meg inn, seier 31-åringen, som er nøgd med at det til slutt blei ein sjette plass i NM-i bakkeløp etter at dei to rundane i Vikersund var unnagjort.
— Det er små marginar i bakkeløp og det var veldig tett i vår klasse, så dette var greitt for min del. Bilen er heil og fin, så den treng berre ein service før den er klar til løp igjen. Eg trur det kan bli ein spennande og jamn rallycrossesong med mange gode sjåførar og bilar, så her gjeld å stå på for å sikra seg finale plassar aalt i den første runden til helga.
Kritisk
For Johannes Holten Leifsen (34) starta køyringa i Vikersund bra med ei andre tid i den første omgangen fredag.
— I dei to siste omgangane køyrde eg seinare og dei andre raskare, så det blei ikkje bra, seier NMK-føraren som ikkje greidde å forbetra tida si før i den siste omgangen på laurdag.
— Då klaffa alt, slik at det blei ei bra avslutning.
Elles er Johannes Holten Leifsen kritisk til det han kallar eit langdrygt stemne.
— Det tok ti timar på fredag og elleve laurdag for å gjennomføra stemnet, og det er verken publikumsvennleg eller bra for oss førarar. Det burde maks vore hundre deltakarar på dette løpet.
No blir det testing for han heime i Vikedal før han òg set kursen mot Skien til helga og den første NM-runden i rallycross.