Arbeidsløysa i Rogaland er ved utgangen av april på 3,2 prosent, medan den er på 2,8 prosent i Hordaland. Utviklinga er negativ siste månad.
— Arbeidsløysa stig, og me forventar at fleire vil oppleva å mista jobben i tida framover. Eg er difor svært spent på kva signal me får frå bedriftsundersøkinga som vert lagt fram i morgon tidleg, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.
Arbeidsløysa i Rogaland er nå høgare enn landsgjennomsnittet, som i april held seg på 3,0 prosent. 3.019 fleire har blitt heilt arbeidslause i Rogaland på eitt år
Ved utgangen av april står 8.160 personar heilt utan arbeid i fylket. 3.063 av desse er kvinner, medan 5.097 er menn. Det er blant menn i alle aldersgrupper at arbeidsløysa har auka mest og det er blant menn i alderen 20 – 29 år at andelen arbeidslause er høgast.
Sterkast vekst i arbeidsløysa kjem sør for Boknafjorden, og Strand, Haugesund og Sandnes er kommunane med høgast arbeidsløyse i april, med høvesvis 4,4 prosent 4,3 prosent, og 3,8 prosent av arbeidsstyrka.
Vindafjord går mot straumen og har 107 personar heilt ledige nå, mot 124 for éin månad sidan. Det gir ei arbeidsløyse på 2,3 prosent som er godt under landsgjennomsnittet.
Fleire permitteringar
Som i Rogaland er trenden også i Hordaland negativ. I Sunnhordland har arbeidsløysa ein auke i april med 106 i høve til mars 2015. Det er i april 858 personer var heilt arbeidslause i regionen. Samanlikna med april i fjor utgjer auken 284. Hovudgrunnen til dette er avslutning av prosjekt i industri, bygg og anlegg og reduksjon i tal personar i tiltak.
Auken i arbeidsløysa er størst i Stord (+82), Kvinnherad (+15) og Bømlo (+10) i høve til mars. I dei andre kommunane er det uendra eller ein svak nedgang i arbeidsløysa.
Etne er blant kommunane med nedgang. 37 personar er registrerte som heilt ledige mot 42 i førre månad. Det gir ei arbeidsløyse på 1,9 prosent, mot 2,8 prosent i Sunnhordland og i fylket.
— Generelt ser me at den største auken er innafor gruppene industriarbeid, ingeniør og IKT og bygg og anlegg. Her har det vore ein stor auke samanlikna med april i fjor. For gruppa ingeniør og IKT har me 50 fleire arbeidslause enn april 2014. For industri og bygg og anlegg er det ein auke på høvesvis 141 og 42 samanlikna med april 2014, opplyser Geirmund Mæland ved NAV Sunnhordland.
Kontoret har fått ein del varsel om nedbemanning og permittering. Dersom desse vert realiserte, vil det kunna gje fortsatt ein auke i arbeidsløysa utover året.
— Varsla om nedbemanning viser at desse vil skje over tid. Det same gjeld varsla om permittering, då desse er varsla å koma i puljar.