Nyopprykka Skånevik har fått eit tøft møte med fotballens 5. divisjon. Torsdag møtte dei Nord på Karmøy og måtta dra heim med tap 2-1 i kofferten. Ove Straumsøy førte gjesten opp i leiing på heading etter innlegg frå Martin Kristiansen. Nord utlikna og fekk det avgjerande målet tre minuttar før slutt. Resultatet betyr at Skånevik er jumbo når serien tar pause til august. Status etter tolv kampar er to sigrar, to uavgjort og åtte tap.