Skal du på reise i utlandet i nær framtid bør du snarast leite fram passet ditt – og sjekke at det er gyldig.
Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyste laurdag at dei ikkje kan garantere at dei har kapasitet til å hjelpe med naudpass. Dermed kan ferien din gå i vasken om du ikkje har ordna deg med gyldig pass i god tid før avreise.
— Det er altfor stor påtrykk etter naudpass, skriv politiet i ei twitter-melding.