ARKIVFOTO: Dei kvite skjortsane til Etne IL er historie.
ARKIVFOTO: Alf-Einar Kvalavåg, Tysvær Bygdeblad
ARKIVFOTO: Dei kvite skjortsane til Etne IL er historie. ARKIVFOTO: Alf-Einar Kvalavåg, Tysvær Bygdeblad

Hadde topplaget i kne

Ølen vann, dei andre lokale laga tapte.

Ølen gjorde jobben mot Falkeid på bortebane torsdag kved og kunne med litt hjelp frå Etne gått heilt opp i ryggen på topplaget Stegaberg. Det skjedde ikkje.

Etne som også var i Tysvær og møtte nettopp topplaget, tapte til slutt. Men dei grønkledde gjestene hadde vertskapet i kne etter ein sterk kamp. Spesielt første omgang var av god klasse og leiinga 2-0 var fortent.

Stegaberg fekk først orden på spelet etter spelarbyte i andre omgang, og ein god sluttspurt sikra sigeren sjølv om Etne også skåra eitt etter sidebyte.

Skånevik skuffa mot Karmsund og måtte dra heim frå Haugesund utan poeng.

Kampfakta

  1. div. avd. 3

Stegaberg – Etne 4-3 (0-2)

Frakkagjerd stadion

0-1 Kristoffer Grønstad (3)

0-2 Eirik Haugen (41)

1-2 Terje Kristiansen (47)

1-3 Bjørnar Aastvedt (51)

2-3 Vemund Eskevik (66)

3-3 Vemund Eskevik (80)

4-3 Petter Lønning (90)

Dommar: Morten Johannesen, Åkra

Tilskodarar: 30

Andre resultat torsdag kveld:

Falkeid – Ølen 1-5

Karmsund – Skånevik 5-2