104 km/t i 60-sona

Politiet beslaglag førarkortet etter å ha tatt ein råkjørar i 60-sona på E134 i Vats natt til måndag. Det var rundt kl. 03.30 at farten på 144 km/t blei målt av ein sivil politibil, ikkje langt frå Knapphus. Sjåføren er ein mann i 20-årsalderen fra ytre strøk av Haugalandet, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Ifølgje lensmannen blir det opp til påtalemyndigheten å avgjere om det er grunnlag for overtredelsesgebyr eller rettssak som i så fall kan ende med eit opphald i fengsel.

Måndag ettermiddag gikk det på nytt for fort ved Knapphus. Då blei ein sjåfør i lagt forelegg på 6.500 kroner for å ha køyrd i 81 kilometer i timen i 60-sona.