To menn og ei kvinne var laurdag ettermiddag inne i kiosken ved Langfoss i Åkrafjorden og stal kontantar frå kassa. Politiet tok opp jakta på tjuvane som forsvann vestover på E134 i ein svart bil. Dei blei seinare på dagen pågripne i Vindafjord, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.