I samband med at Rygg skule blir lagt ned etter inneverande skuleår, blir det utarbeidd ny struktur for skulekrinsane i Etne. I forslaget som har vore på høyring, står det at elever som skal opp frå 1.-7 trinn i Fjæra skal gå på Skare skule i Odda kommune, som i dag. Mens elevar frå 8-10. klasse må til Enge skule. Dette har nokre foreldre i Fjæra reagert på, og vist til eit vedtak frå 2013 kor det heiter at ein skal kome tilbake til om elever frå 8-10. klasse i Fjæra krins skal kunne gå på ungdomsskule i Odda, og at dette skal avgjerast i inneverande kommunestyreperiode. I samband med at saka om skulekrinsane skal handsamast i Etne kommunestyre førstkomande tysdag, har rådmannen innstilt på at ein skal gå i dialog med Odda om Fjæra-elevane, og at kommunestyret skal få saka til behandling i september. I dag er det to elevar frå Fjæra som går på Skare skule, og den eldste begynner i åttande klasse først hausten 2017. No til hausten byrjar fem elevar frå Fjæra krins på Skare skule.