17-åring skada etter utforkøyring

Ein ung kar frå Haugesund er frakta til sjukehus etter ei utforkøyring på E134 ved Knapphus torsdag morgon. Sjåføren som er knapt 18 år og ikkje hadde førarkort, er ikkje alvorleg skadd, opplyser politiet. Han hadde tjuvlånt mora sin bil og var på veg vestover.

Ulykka skjedde i 60-sona like vest for bensinstasjonen i ei svak kurve. Det var ingen andre køyretøy involvert. 17-åringen blei ivaretatt av helsepersonell på staden før han blei frakta til sjukehuset i Haugesund.

— Me veit ikkje kva som har skjedd, men ifylgje vitne var det ikkje spesielt stor fart i bildet. Bilen skar ut til venstre, trefte ein lysstolpe og deretter ein steinmur. Det er ikkje mistanke om rus, seier fungerande lensmann i Vindafjord, Arild Austrheim.

Ulykka skjedde rundt kl 09.00 og vegen trafikken går normalt forbi staden.