Politiet stansa onsdag like før kl. 12 ein sjåfør på veg mellom Skånevik og Stordalen etter tips om vinglete kjøring. Då patrulen kom fram hadde sjåføren, ein mann i 40-årsalderen busett i Etne kommune, stansa bilen. Han var synleg påverka av alkohol og blei fråtatt førarkort i påvente av blodprøvar. Det er oppretta sak.