Inne i ei løe på Milja har ein kameratgjeng bestemt seg for å rusta opp så mange syklar som mogeleg, for å gjera dei tilgjengelege for turistar som kjem til Skånevik. Og både dugnadsinnsatsen og utlånet av syklane er heilt gratis.
— Me ønskjer jo at turistane skal få sjå så mykje av Skånevik og omegn som mogeleg når dei er her, så desse syklane vil gjera det lettare å komma seg rundt, seier Ole Funderud som sat på ideen.
Han håpte på å få tak i minst ti syklar og no har gjengen klart å skaffa elleve. Likevel håpar han på enda fleire.
— Me har fått på plass ein avtale med Skånevik fjordhotell om at syklane skal få stå på området deira. Sykkelstativ har me fått låna av Arnold Holmedal på fabrikken og hotellet har sagt at dei vil skaffa sykkelhjelmar som folk kan låna, seier Funderud fornøgd.
Lagar kart over fleire sykkelløyper
Treng fleire syklar
Saman med Magne Olseth og Sigve Leknes starta Funderud på restaureringa av syklane nå i juli. Målet var å få ein del syklar klare til Pippifestivalen som gjekk av stabelen i Skånevik sist helg, og det skulle dei klara, sa dei.
— Me er jo sju personar som har gått i lag om dette prosjektet, så det går fort unna når me først kjem i gang, seier han og siktar til Øyvind Bøthun, Per Terje Tveiten, Ragnvald Larsen og Aksel Tvedt som også er med på dugnadslaget, men som ikkje kunne stilla då Grannar besøkte sykkelverkstaden på Milja.
Sjølv om dei har fått inn nesten eit dusin, er dei framleis interesserte i enda fleire syklar og oppmodar folk som har ein sykkel dei vil kvitta seg med, til å tenkja på gjengen i Skånevik.
— Me kan lappa på dekk, byta sete og reparera diverse øydelagde deler, men om ein leverer frå seg ein sykkel med gir, bør nok gira vera i stand, då det er dyrt å reparera nettopp dette, seier Funderud.
Sjølv om dei får sponsa litt deler som må bytast ut, er det mykje dei må kjøpa inn og som må betalar med pengar frå eiga lomme. Men det gjer dei så gjerne, for ideen dei har fått om å visa fram Skånevik til turistar, brenn dei sterkt for.
Lagar sykkelkart
Syklane er i mange forskjellige storleikar og passar til både vaksne og til barn. Alle syklane skal også malast i turkis eller rosa farge så dei skal vera lette å kjenna igjen.
Aksel Tvedt har tatt på seg arbeidet med å laga kart over gode sykkelturar, slik at turistane har litt å velja i når dei skal på tur.
— Han skal laga kart over fleire løyper, både småturar rundt omkring her i Skånevik og over rundløypa frå Skånevik til Etne med ein utstikkar til Åkrafjorden og så tilbake til Skånevik. Dette blir nok ein flott tur, for spesielt gamlevegen langs Skånevikstranda er ein nydeleg tur å sykla, seier Funderud.
Han understrekar også at desse syklane skal vera tilgjengelege for absolutt alle turistane i Skånevik, ikkje berre for dei som bur på hotellet.