Vel framme kan vi overraskande konstatera at det berre er seks jenter der. To opptekne med å sminka kvarandre. Dei fire andre ligg avslappa og drøsar på kvar sine feltsenger.
— Trur det er lurt å liggja litt opp frå bakken om vêrmeldingane slår til. Den veggen der borte er visst ikkje heilt tett, peikar jentene og smiler.
Meteorologane har ikkje nett spelt på lag med arrangøren av Norway Cup. Tvert om melde dei rekordnedbør i velkomstgåve. Utan at det såg ut til å uroa Vindafjord-gjengen nemneverdig.
Variabelt vêr
Her og no handlar det meste om kveldens opningskonsert. Med underhaldningskrefter som Main Level, Marcus og Martinius, Staysman & Lazz og Katastrofe på agendaen, veit dei at her blir det stemning. Og det vart det til gangs, med fleire av dei lokale jentene strategisk plassert: Artistane rett framfor seg, og folkehavet i ryggen.
— Kjempekjekt, strålte Helene Ørnes og Frida Louise Søndenå då opningskonserten gjekk mot slutten, og dei første regndråpane kom. Sidan vart det skikkeleg vått. Men sjølv om det ausa ned heile laurdagskvelden og store deler av sundag formiddag, var det tørt og godt under teltdukane.
Godt start
Etter kvart vart det også dags for kamp om poeng og avansement. Dei eldste Vindafjord-jentene møtte Froland i sin første dyst. Det var absolutt ingen målestokk. Spel mot eitt mål, og 7-0 i protokollen. Eit resultat det var vanskeleg å lesa noko ut av. Anna at det vart ein hyggeleg start på årets Norway Cup-eventyr for bruntrøyene. At det sidan også vart 7-0 over Bremnes.
Klubben sine 14-åringar slo også til med solid 3-0-siger over KFUM Oslo. Det var absolutt eit resultat som ber bod om spennande cupdagar. Eit resultat som vart følgd opp med 2-0 over Bremnes og 2-1 over Ranheim.
For Skjoldar har det også opna forrykande. 13-årslaget vann 10-0 mot Korsgård, og på morgonkvisten i dag fekk Lyngbø Mascara Girls også bakoversveis. 8-2 til våre lokale jenter, og dermed rekordtidleg klare for A-sluttspelet. Klubben sine 16-årsjenter har spelt tre kampar. To uavgjorte og eitt tap.