Strålande solskin, god stemning og variert musikk. Stort betre kunne det ikkje bli for verken artistar eller publikum som hadde tatt turen til bluesfestivalen i Skånevik i helga
— Me er veldig nøgd med årets festival. Dei første festivaldeltakarane kom allereie onsdag så nå er det litt vemodig å sjå at folk er på veg heim att, seier ein nøgd festivalsjef etter at festen er over for denne gong.
Alf Warloe Christophersen kan gle seg over stabilt besøk også i år. Rundt 10.000 besøkjande er som forventa.
— Me har eit stabilt besøk, med fulle campingplassar og masse båtar, seier Christophersen nøgd.
Ny scenevri
Den nye scenevarianten med lekter og scene ved House of Blues vart ein suksess, og folk likte seg godt i sentrum. Og ikkje minst for artistane vart det ei minnerik oppleving med den flotte utsikten over fjorden frå scenekanten.
— Artistane hadde den finaste utsikten av alle, slår festivalsjefen fast.
Allsong
Blant dei mange artistane var Uriah Heep eit av dei store namna under årets festival. Men størst stemning var det Killer Queen som stod for.
— Killer Queen skapte størst stemning både fredag og laurdag. Folk song med og koste seg, seier Christophersen som snart er i gong med å planleggja festival nummer 20 i bluesbygda Skånevik.