Lensmann Ingvar Gjærde ved Vindafjord og Etne lensmansdistrikt ber publikum om hjelp. Ein bil på Vikaneset i Skjold blei i løpet av natt til tysdag velta over på sida, etter det som truleg er skadeverk og lensmannen opplyser at det vil bli oppretta sak på forholdet.
— Me er interesserte i å komma i kontakt med folk som har sett noko, eller som har informasjon knytt til skadeverket, seier Gjærde og oppmodar publikum om å ta kontakt.