Siste kl 14.14: Evakuering pågår i Etne sentrum. Kriseleiinga har møte på tinghuset no.
Siste kl 13.50: Det lek på nytt fra gasstanken på Tongane. Det evakuerast med ein radius på 400 meter frå NCC Roads sitt anlegg på Tongane. Etne kommune har sett krisestab. Politiet trur tanken skal vere tømd for gass i løpet av to timar.
Siste kl. 12.03: Lekkasjen er tetta. Faren over. All evakuering kan opphøyrde, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt på Twitter.
Kl. 11.41: No tømmast propantanken. Tongane fortsatt evakuert. Elevane er tilbake på skulane.
Kl. 13.00: Det er meldt om ny lekkasje og evakuering er igjen sett i gong med same radius på 400 meter som sist. Evakueringa kan halda fram utover kvelden, opplyser operasjonsleiar Oddvar Olsen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Det var klokka 07.20 onsdag at naudetatane varsla om brann like ved ein gasstank hos NCC på Tongane i Etne. Brannen oppsto i ei el-tavle.
— Ein halvtime etterpå vart det konstatert gass i området, og lokalisert ein mindre lekkasje frå ein 25 kubikk stor propangasstank, fortel politistassjonsjef Edgar Mannes.
Liten lekkasje, men stor tank
Gasslekkasjen er vurdert som liten, men det er ein stor tank.
Ved 11.30-tida kom det tankbilar frå Kvam transport som starta tømming av tankane. Når denne jobben er gjort er eksplosjonsfaren over.
— Me veit ikkje kor lang tid dette vil ta, seier Mannes.
Heldig med vindretninga
Ifølge politiet har ein vore heldig med vindretninga, sidan det bles utover fjorden og ikkje innover land.
Likevel vart skulane i Etne evakuert. Det skjedde tidlig og elevane vart losa opp mot boligfeltene Silde og Kambe.
Ved 10.30-tida fekk elevane gå tilbake til skulen.
— Spesielt med skulene
Andre personar mellom industriområdet og skulene vart ikkje evakuert. Grannar vart kontakte av fleire som stussa på dette onsdag.
— Det er litt spesielt med skulene, og dei vart evakuert tidleg då ein ikkje kjende til omfanget, forklarar Mannes.
Han legg til at skadestadsleiaren vurderte at alle som bør evakuerast er evakuert.
Alt tilgjengeleg politi, brann og helsevesen frå Etne og Vindafjord har vore sendt til Tongane. Også politimannskap frå Suldal er i Etne.
— Me har meir folk i beredskap om det skulle bli nødvendig, seier Mannes.