Laurdag var det prestisjeoppgjer i 5. divisjon på Skånevik stadion, og det var gjestene frå nabobygda som kunne jubla då dommaren bles etter 90 minuttar.
Resultatet var to mål til Skånevik og fire til Etne. Det betyr at Etne klatrar til åttende plass på tabellen med 17 poeng. Skånevik ligg framleis nederst på tabellen med åtte poeng.
Det er Sauda som leiar avdelinga med 35 poeng. Stegaberg har 34 poeng med ein kamp mindre spela. På tredje plass ligg Ølen med 31 poeng. Det er to lag som rykker opp til 4. divisjon.
I 4. divisjon tapte Vats 94/Skjoldar 5-1 borte mot Sunde. Det stod 2-0 ved pause. Tore Berakvam skåra det ein målet til gjestene frå Vindafjord. Vats 94/Skjoldar ligg på tiande plass med elleve poeng. Det er plassen over opprykksstreken.