Fjæra må vente på svar

Etne kommunestyre sender rådmannen sitt forslag om felles ungdomsskule med Odda for Fjæra skulekrins tilbake til komité drift. Det var eit fellesforslag frå Frp, Ap og H om å sende saka tilbake til komité drift, med beskjed om å få utgreidd konsekvensane av å sende alle ungdomsskuleelevane frå Fjære krins til Odda, som fikk fleirtal i kommunestyret tysdag kveld. Forslaget kom etter ein lengre debatt og påfølgjande gruppeleiarmøte, kor det vart diskutert om kor lurt det var å gjere ei løysing om felles ungdomsskule i Odda for elever frå Fjæra skulekrins i Etne og Skare krins i Odda. I dag går barneskule-elvane som ønskjer det på skule i Skare, som ligg nærare heimbygda enn Enge skule i Etne som vil vere alternativet. No blir altså saka send tilbake til komitè drift, dermed vert det det påtroppande kommunestyret som får ta endeleg stilling til saka, truleg seinare i haust.