Politiet gjennomførte fredag ein morgonkontroll i Vindafjord. 78 bilar passerte posten og ein av desse hadde litt for høg fart. Laseren målte farten til 86 km/t i 60-sona, noko som resulterte i beslag av førarkort, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.