Røde Kors med bøsseaksjon

Røde Kors inviterer førstkommande laurdag til bøsseaksjon for å samle pengar til menneske på flukt. — Dei treng vår hjelp no, seier Sven Mollekleiv, president i Røde Kors i Norge. — Vi har stor pågang frå folk som ønskjer å hjelpe, men som ikkje heilt veit kva dei kan bidra med. Derfor inviterer vi no heile det norske folk til ein nasjonal bøssedugnad førstkommande laurdag. Då gir vi alle ei moglegheit til å gjere ein innsats, seier han. Hjelpa skal spesielt gå til menneske som har lagt på flukt frå borgarkrigen i Syria. Røde Kors har allereie samla inn rundt 13 millionar kroner til saka. (NPK)